Skattedirektoratet reviderte 21.10.2014 retningslinjene for ilegging av tilleggsavgift. Dette er eit steg i rett retning for at regelverket skal samsvare med det som er den alminnelege rettskjensla.
Frå 01.07.2014 blei det fastsett nye reglar for frivillig registrering for utleige av bygg/anlegg til bruk i avgiftspliktig eller kompensasjonsberettiga verksemd. Reglane fjernar fleire "avgiftsfeller" og er eit bidrag til forenkling på eit komplisert område.
Tap som oppstår i skattepliktig næringsverksemd er frådragsberettiga skattemessig. Det same gjeld ikkje for meirverdiavgifta når det er pengar som er tapt.
NARF har lenge arbeidd for å få Skatteetaten og Brønnøysundregistra til å offentleggjere informasjon om frivillig registrert næringsdrivande. No er dette på plass ved søk i Einingsregisteret.
Skattedirektoratet har publisert bindande førehandsuttale, BFU 15/13 der det blir konkludert med at utbyggar må berekne uttaksmeirverdiavgift for endringsarbeid, tilleggsytingar, tilval mv.
Stortinget vedtek truleg å fjerne arveavgifta frå 2014 og samstundes innføre skattemessig kontinuitet. For enkelte arvingar vil dette kunne føre til kraftige skatteauke. Dette fordi arvingen gjennom ein slik kontinuitet blir tvungen til å vidareføre dei skattemessige inngangsverdiane frå arvelatar.
Rekneskap Høydalsvik bruker cookies for å analysere bruk og for å betre brukaropplevinga di. Om du held fram, aksepterer du dette.OkLes meir i personvernerklæringa vår