For bustadhus er verdien på tomta inkludert i likningsverdien som du får oppgitt frå Skatteetaten. For fritidseigedomar er dette ikkje tilfelle, og verdien på formuestillegget skal vere ti gangar den årlege festeavgifta.
Festar har samstundes krav på gjeldsfrådrag, som for 2011 utgjer ti gangar den årlege festeavgifta.


Når det gjeld bortfestar (dvs den som eig tomta), så skal denne ikkje ta med bortfesta tomt i likningsverdien for eigedom, men er likevel formuesskattepliktig for retten til å krevje festeavgift. Denne verdien blir også fastsett til ti gangar årleg festeavgift.


 (Skatteetaten)

Klikk her for utskriftsvennleg versjon