Normalt sett vil den næringsdrivande få frådrag gitt at prisen på det arbeidet som blir utført ikkje har eit gåveelement i seg, dvs at prisen på dugnadsinnsatsen står i forhold til den ytinga som blir levert. Føresetnaden er at arbeidet gjeld næringa og ikkje t.d arbeid på privat bustad til den næringsdrivande.

For ein ikkje-skattepliktig organisasjon vil slik arbeidsinnsats ikkje vere skattepliktig. Dei som deltek på dugnad er då heller ikkje skattepliktige for verdien av dugnaden så lenge dei sjølv ikkje mottek vederlag for dette.

Når det gjeld frivillige organisasjonar sine tenester for andre på dugnadsbasis, papirinnsamling, flaskeinnsamling og liknande, går skiljet mellom sporadisk verksemd og verksemd som har eit meir varig eller profesjonelt preg. For sistnemnde blir verksemda normalt skatte- og avgiftspliktig.

Ta kontakt med Rekneskap Høydalsvik AS dersom du ønskjer nærare opplysningar om dugnad og grensedraginga mot næringsverksemd.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon