Utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom er avgiftspliktig med 8 % når det føreligg næringsverksemd. Spørsmål om når det er næringsverksemd kan vere vanskeleg, og departementet foreslår at det blir innført objektive vilkår i mva-lova for når det er avgiftsplikt.


Forslaget går ut på at det blir sett som vilkår for avgiftsplikt at:
          Det blir leigd ut minst fire utleigeeiningar, eller
          Samla areal utgjer minst 400 kvadratmeter


Forslaget legg opp til at dersom vilkåret ovanfor ikkje er oppfylt, vil det ikkje vere avgiftsplikt – og det vil heller ikkje bli frådragsrett på kjøp og investeringar.


Høyringsfristen er 15. september 2011.


Høyringssaka frå Finansdepartementet

Klikk her for utskriftsvennleg versjon