Skattedirektoratet har konkludert med at digitale julebord for tilsette er skattefritt på same måte som tradisjonelle julebord. Alle eller ei betydeleg gruppe tilsette i bedrifta må vere omfatta av tiltaket.
Av praktiske årsaker kan refusjonar likestillast med naturalytingar når arbeidsgivar skal dekke utgifter til mat i slike samanhengar.
Samla verdi på gåver som er mottekne frå arbeidsgivar og eventuelle forretningsforbindelsar må ikkje overstige kr 2.000 i løpet av inntektsåret. Overskytande verdi vil vere skattepliktig som lønn.
Kostander til mellom anna internett og telefon på heimekontoret kan verte gitt som skattefri gåve. Ein føresetnad er at dette vert gitt som ei generell ordning i bedrifta og samla ikkje overstig det skattefrie beløpet på kr 2.000.
Les meir om julegåver til tilsette og skatteplikt her.
Generelt om gåver i arbeidsforhold finn du her.
Velferdstiltak som julebord er, jfr. Skatteetaten.no, skattefrie dersom følgjande vilkår er oppfylt:
Består et tiltak av flere ytelser, f.eks. teaterbesøk kombinert med julebord, må hver av ytelsene vurderes separat ved anvendelsen av disse reglene. Deretter må det vurderes om summen av alle ytelser som inngår i kombinasjonen er rimelig.
Kva legg ein i rimeleg:
Les meir om naturalytelsar i arbeidsforhold her.
Klikk her for utskriftsvennleg versjon