Kjelde: Regnskap Norge

Når kapitalvarer vert overdregne ved til dømes sal, fisjon eller fusjon, utløyser dette samla justering av frådragsført meirverdiavgift. Dette er fastslått i justeringsreglane for mva.

Med kapitalvare vert det meint:

  • maskiner, inventar og andre driftsmiddel der inngåande MVA av kostpris utgjer minst kr 50.000
  • fast eigedom som har vore gjenstand for ny-, på- eller ombygging der inngåande MVA på kostnaden ved dette utgjer minst kr 100.000

Justeringsplikta kan overførast til mottakar av kapitalvara etter nærare bestemde vilkår.

For å overføre justeringsplikta må den som overdreg kapitalvara og mottakar inngå ein avtale. Denne må innehalde detaljert informasjon om kapitalvara og kva frådrag som er gjorde.

Mva- føreskrifta kapittel 9 inneheld ingen uttalt frist for når ein slik avtale må vere inngått. Høyesterett har no slått fast at fristen for å inngå justeringsavtale samsvarar med fristen for å levere mva- melding for den mva-terminen overdraging av kapitalvara skjer. Ein må såleis vere påpasseleg slik justeringsavtale vert inngått i samband med overdraging av kapitalvara.

Les heile saka her.

Har du spørsmål eller treng bistand? Ta kontakt, så hjelper vi gjerne.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon