Kjelde: Kulturrådet

Det er sett av kr 369 millionar i kompensasjonsordning for perioden 1. januar til 30. juni 2021. Ordninga gjeld avlyste, stengde eller nedskalerte kulturarrangement som følge av råd eller pålegg frå offentlege myndigheiter i samband med koronapandemien.

Det er kulturrådet som forvaltar ordninga. Søknadsportalen opnar i slutten av juni med søknadsfrist i slutten av august.

Arrangørar kan få dekt 95% av uunngåelege kostnader knytt til avlyste eller nedskalerte kulturarrangement. Nytt for ordninga er at kompensasjonen kan bli avslått eller avkorta dersom arrangøren ikkje har lagt realistiske planar for kulturarrangementet.

Underleverandørar kan på same måte, som i perioden oktober til desember 2020, få kompensert inntil 50 prosent av tapte inntekter og meirutgifter knytt til avlyste eller nedskalerte kulturarrangement.

Les meir i pressemelding frå Kulturdepartementet

Meir informasjon til kulturlivet om koronasituasjonen er å lese på Kulturrådet sine sider.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon