Dersom du ikkje får skatteoppgjeret i første runde, så vil det frå byrjinga av august bli sendt ut skatteoppgjer kvar veke. Næringsdrivande som er ferdigbehandla vil også få skatteoppgjeret sitt, og treng ikkje vente til oktober.

Skatten forfell i to terminar. Betalingsfrist blir sett til tre og åtte veker etter utsending av skatteoppgjeret. 

Frist for å klage er seks veker etter utsending. Den datoen finn du øvst til høgre i skatteoppgjeret ditt.

Klage skal sendast elektronisk via www.altinn.no på skjema RF-1117 klage på ligning.

Les meir (Skatteetaten)

Klikk her for utskriftsvennleg versjon