Med den nye tenesta frå www.altinn.no kan bedrifta sjå korleis ho ligg an når det gjeld betaling av meirverdiavgift, skattetrekk og arbeidsgivaravgift.


Du finn opplysningane inne på Altinn ved å gå inn på «Skjema/Tenester», deretter «Momskonto for bedrifter».


Databasen er berre eit utdrag av den verkelege reskontroen, slik at det alltid vil ta noko tid frå innberetningar og innbetalingar er sendt til dei viser på kontooversikta i Altinn.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon