Kjelde: Regnskap Norge

Frå 1. april 2020 vert det innført ei ordning med forenkla mva-registrering for utanlandske næringsdrivane som sel varer med «lav verdi», under kr 3.000, til norske forbrukarar.

Toll- og mva fritaket på kr 350 vart oppheva frå 1.januar 2020. Utanlandske næringsdrivande som sel varer med verdi under kr 3.000 til norske forbrukarar er omfatta av avgiftplikta. Ordninga som trår i kraft frå 1. april 2020 gjeld alle varer men unntak av næringsmiddel og særavgiftsbelagde varer. Transport- og forsikringskostnader er ikkje med i vurderinga av verdien av vara og grensa gjeld per vare, og ikkje per sending eller faktura.

Dei utanlandske næringsdrivande kan registrere seg i ei forenkla registreringsordning, VOEC (Vat On E-Commerce). For sal av varer med verdi over kr 3.000, næringsmiddel og særavgiftsbelagde varer skal mva, toll og særavgifter krevjast inn ved grensa på vanleg måte.

Meir informasjon finn du her.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon