Offentleggjering av vedtak om tilleggsskatt
Utvalet foreslår at tilleggsskatt gitt med 45 % og 60 % heretter skal vere offentleg tilgjengeleg, på same måte som ein dom er det i dag. Dette bør frå skattytarane sitt synspunkt vere urovekkande, då terskelen for å bli offentleggjort som skattesvikar heretter vil kunne bli svært låg.


Utgangspunktet for tilleggsskatt er 30 %, sjølv for saker der skattytar ikkje har subjektiv skuld. Det er tilstrekkeleg for Skatteetaten å konstatere at ein feil har oppstått.


Å bli offentleggjort som skattesvikar er ei belastning, og dersom saka sitt alvor tilseier det, så bør Politiet ta over saka. Det er ei tvilsam utvikling dersom likningsfunksjonærane skal overta påtalemakta si rolle, og opptre både som anklagar og dommar.


Tilleggsskatt når Skatteetaten gjer feil
I dag ligg det eit stort ansvar på skattytar å levere inn korrekte oppgåver. 


Utvalet foreslår at skattytar ikkje berre skal bli ansvarleg for sine eigne feil, men også for Skatteetaten sine feil i saker der skattytar «burde ha forstått» at oppgåvene var feil. Det kan tenkjast at Skatteetaten har andre oppfatningar enn det skattytar har i dette spørsmålet.


Skatteetaten krev allereie at skattytarane skal vere feilfrie. I motsett fall blir det tilleggsskatt. Då framstår det som meiningslaust at kravet til ufeilbarlegheit skal utvidast. Alle ønskjer at Skatteetaten ikkje skal gjere feil, men å sende rekninga (tilleggsskatten) til skattytar når etaten sjølv gjer feil, synest urimeleg.


Det er eit faktum at Skatteetaten ikkje sjeldan gjer feil som går i skattytar sin disfavør. Når skattytar avdekker feil hos Skatteetaten, så får ikkje skattytar betaling for det, men må betale rekneskapsføraren sin for å fortelje Skatteetaten at etaten har gjort ein feil.


Vesentleg auka krav til innrapportering av kjøp mellom næringsdrivande
Utvalet foreslår ei utviding av dagens ordning med at ein skal innrapportere utbetalingar til næringsdrivande.


Utvalet er først inne på muligheita for at alle utbetalingar skal innrapporterast, men konkluderer med at dei administrative byrdene for avgivar blir for stor. Så endar utvalet opp med at kjøp frå alle ikkje-revisjonspliktige selskap skal innrapporterast.


Dersom forslaget går gjennom, så er det klart at her blir næringsdrivande pålagt ei betydeleg utvida plikt til å innrapportere til Skatteetaten.


Dette medfører auka kostnader og administrative byrder for næringslivet, og er eit stort steg i feil retning av det som er gjeldande mål for forenklingsarbeidet overfor dei næringsdrivande.


Å påstå at det er administrativt lett å skulle innrapportere ikkje-revisjonspliktige, medan det vil vere vanskeleg å innrapportere alle næringsdrivande, framstår som lite gjennomtenkt. Det er eit stort antal ikkje-revisjonspliktige, og det blir eit betydeleg arbeid for den næringsdrivande å innfri rapporteringsplikta.


Å innføre ei slik plikt bør først gjerast dersom det kan sannsynleggjerast at samfunnsmessig gevinst overstig kostnadene som næringslivet blir påført. Det synest uklart om utvalet har vurdert den samfunnsmessige gevinsten ved forslaget.


Les meir om forslaga her (NARF).

Klikk her for utskriftsvennleg versjon