Målet med ei avventande sjukmelding er å sjå etter muligheiter på arbeidsplassen som gjer at ein kan unngå sjukmelding. Avventande sjukmelding er aktuelt der lege meiner det kan vere medisinsk forsvarleg å vere i aktivitet på arbeidet, og der arbeidstakar ikkje ville blitt raskare frisk ved å halde seg heime.


Avventande sjukmelding er aktuelt dei første 16 dagane (arbeidsgivarperioden) av ei eventuell sjukmeldingsperiode. Dersom det ikkje er noko medisinsk i vegen for å vere i jobb, vil lege be arbeidstakaren ta blanketen med til arbeidsgivar og snakke om muligheita til å vere i aktivitet på arbeidsplassen. Dersom arbeidstakar etter 16 dagars avventande sjukmelding fortsatt ikkje kan vere i full jobb, vil han kunne få ei sjukmelding, enten gradert, heil eller aktiv.


Den nye sjukmeldingsblanketten gir også muligheit for enklare kommunikasjon mellom lege, arbeidstakar og arbeidsgivar frå første dag ei sjukmelding er aktuell.


Meir informasjon finn du på NAV sine heimesider.


 

Klikk her for utskriftsvennleg versjon