Ferielova gjeld alle som utfører arbeid i annan si teneste. Lova gjev reglar om lengda og når ferien skal takast ut. Lova kan delvis fråvikast med avtalar, men desse kan ikkje vere til skade for arbeidstakar.


Hovudregelen er at arbeidsgivar bestemmer når den tilsette skal ta ut ferie. Arbeidsgivar bør innhente dei tilsette sine ønskje om når dei vil avvikle ferie, så tidleg som mogleg. Deretter bør arbeidsgivar sjå på ønskja for å sjå om feriekabalen let seg løyse utan problem.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon