Bustad- og fritidseigedom
Bustad- og fritidseigedom for lønnstakarar og i private forhold skal ha ein likningsverdi som maksimalt utgjer 30 % av marknadsverdien. For nybygg kan verdien heller ikkje overstige 30% av kostprisen, jf.takseringsreglane §1-1-1.
Næringseigedomar
For næringseigedomar har vi tilsvarande regel, men der er satsen 80 % av dokumentert marknadsverdi, jf. §2-1-1.
I statsbudsjettet for 2009 blei det bestemt nye reglar for fastsetjing av likningsverdien på næringseigedom. Generelt skal alle likningsverdien på næringseigedomar i 2009 aukast med 60 %. Dette er i tillegg til auken på 10 % som skal gjennomførast for 2008.
Det er den nye formuesverdien som skal brukast i verdsetjinga på aksjar for 2009, noko som betyr at verden aukar med 76 % i overgangen frå 2008 til 2009. Denne verdsetjinga skal ikkje overstige 60 % av marknadsverdien.
Eiga verdsetjing for eigedomar som blir utleigd i næring
Likningsverdi på næringseigedomar som blir leigd ut skal i staden for 60 % auke få ei individuell vurdering som tek utgangspunkt i utleigeinntektene. Reglane for korleis dette skal skje er (utdrag):
Eksempel: |
| ||||
Brutto leigeinntekter | 100.000 | ||||
Standardfrådrag | 10 % | – 10.000 | |||
Netto leigeinntekt | 90.000 | ||||
Grunnlag for likningsverdi | 90.000 / 9,5 % | 947.000 | |||
Likningsverdi | 40 % av 947.000 | 378.000 |