Rekneskap Høydalsvik i Ørsta og Balanse Rekneskap i Ulsteinvik slår seg frå nyttår saman i den nye rekneskapsbedrifta Rekne AS.

Ei felles rekneskapsbedrift med totalt 17 tilsette vil styrke den faglege kompetansen på eit område som blir stadig meir krevjande å følgje med på, hevdar dagleg leiar i det nye selskapet, Geir Høydalsvik.

Og nettopp storleiken betyr noko i konkurransen om å tilby dei beste løysingane til kundane, peikar styreleiar Sigbjørn Skeide på. Vi plasserer oss no mellom dei større rekneskapsbedriftene på Sunnmøre og vil med det kunne gi dei gode og framtidsretta tekniske løysingar som kundane fortener i dag.

Dei fleste næringsdrivande vel i dag ekstern rekneskapsførar. Dette gir den fleksibiliteten den næringsdrivande treng når det er varierande behov for hjelp. Og fleksibiliteten blir ekstra stor når det er 17 dyktige medarbeidarar som står klar til å hjelpe, påstår Høydalsvik.

Den nye rekneskapsbedrifta er heildigital, og i den samanheng gir Rekne bort permkarusellar til frivillige lag og organisasjonar. Vi veit at mange lag har mykje historisk dokumentasjon samla på papir, og no kan dei få samle desse på ein plasseffektiv måte, seier Høydalsvik. Vi har lagra bilaga til kundane våre elektronisk sidan 2005 og dei siste kundepermane forsvann for nokre år sidan. Så no er det på tide å rydde ut permkarusellane også, avsluttar Høydalsvik – som altså håper at andre kan finne nytte av det gamle inventaret.

Rekne AS vil halde fram med å ha kontor både i Ørsta og Ulsteinvik etter fusjonen.

Kontaktinformasjon:

  • dagleg leiar Geir Høydalsvik 70 04 90 11 / geir@rekne.no
  • styreleiar Sigbjørn Skeide 414 34 670 / sigbjorn@balanse.as

Klikk her for utskriftsvennleg versjon