Opplysningane om kontoane og eigarane har Skatteetaten mottatt gjennom dei avtalane Noreg har med andre land om utveksling av skatteinformasjon.


Det er berre dei som frivillig gir opplysningar til Skatteetaten om uoppgitt formue som kan få skatteamnesti. Dei siste åra har vi oppfordra nordmenn til frivillig å opplyse om skjult inntekt og formue i utlandet. I fjor var det 130 skattytarar som nytta seg av denne retten, opplyser avdelingsdirektør Tone Kaarbø i Skattedirektoratet.


Kontrollane kan gå inntil ti år bakover i tid. Er inntekter og formue haldt unna skattlegging, blir det ilagt inntektsskatt og formuesskatt. Deretter blir det lagt 60 prosent tilleggsskatt på den summen som må etterbetalast. I tillegg kjem renter, seier Kaarbø.


Dei femti personane det gjeld er busett i heile landet.


Kjelde: NARF


Artikkel: Frivillig retting av tidlegare feil i sjølvmeldinga

Klikk her for utskriftsvennleg versjon