Reglane som gjeld frå 1.1.2014 er

  • Arbeidstakar som får dekt EKOM-tenester får ein skattepliktig fordel på maksimalt kr 4.392.
  • Skattepliktig beløp er det same uavhengig av antal EKOM-tenester som blir dekt frå arbeidsgivar.
  • Det skattefrie botnbeløpet på kr 1.000 er fjerna.
  • Den skattepliktige fordelen blir ikkje redusert sjølv om arbeidstakar dekker noko av rekninga sjølv.
  • Mobildata er ikkje unntatt fordelsskattlegging
  • Dersom arbeidstakar bruker tilleggstenester (teletorg, programvare, avstemming, betaling for automatar, film/musikk osv), så er dette ikkje skattepliktig så lenge samla årleg beløp er under kr 1.000. Overskytande er skattepliktig i tillegg til standardfordelen på kr 4.392.

Fastsetjinga av skattepliktig fordel er ulik avhengig av om arbeidsgivar står som abonnent (naturalyting) eller om den tilsette får dekt utgifter til eige abonnement (utgiftsgodtgjersle).

Arbeidsgivar står som abonnent (naturalyting)
Dekker arbeidsgivar ein eller fleire EKOM-tenester som naturalyting, skal arbeidstakar ha eit fast inntektstillegg på kr 4.392 pr. år.

Dette gjeld uavhengig av arbeidsgivar sine faktiske kostnader, og uavhengig av om arbeidstakar betalar noko sjølv for tenestene.

Dersom arbeidstakar disponerer tenestene berre deler av året, skal fordelsskattlegging gjennomførast for det antal heile og påbegynte månader arbeidstakar har disponert tenestene. Skattepliktig fordel utgjer kr 366 per heile eller påbegynte månad.

Den tilsette får dekt sine utgifter til eige abonnement (utgiftsgodtgjersle)
For tilsette som får dekt utgifter til EKOM-tenester som utgiftsgodtgjersle vil skattepliktig fordel utgjere det faktisk dekka beløp avgrensa opp til kr 4.392 pr år.

Eksempel:

  • Arbeidstakar får dekt kr 3.000 frå arbeidsgivar. Skattepliktig fordel for arbeidstakar blir kr 3.000.
  • Arbeidstakar får dekt kr 7.000 frå arbeidsgivar. Skattepliktig fordel for arbeidstakar blir kr 4.392; det overskytande blir skattefritt.

Les meir knapp liten

Skatteetaten – Beskatning av EKOM-tjenester (telefon mv)

Klikk her for utskriftsvennleg versjon