Arveavgift


Det samla provenyet til staten er planlagt uendra. Det blir innført reduksjon i arveavgifta for folk flest med reduserte satsar og auka fribeløp. Samstundes aukar arveavgifta sterkt for generasjonsskifte i familieeigde bedrifter. Dette er ei næringsfiendtleg avgiftsskjerping som går til åtak på eigenkapitalen i denne type bedrifter.


Formuesskatt


Det blir ein reduksjon i innslagspunktet for 1,1 % formuesskatt frå 540.000 til 470.000. Næringslivet får betydeleg skjerpa likningsverdiar for næringseigedom med inntil 60 % auke. Llikningsverdi på bustad og fritidsbustad aukar med 10 %, noko som betyr at likningsverdi på bustad siste fire åra samla har auka med 66,4 %


Ny saldoavskrivingsgruppe


Det blir innført ei ny saldoavskrivingsgruppe for faste, tekniske installasjonar i forretningsbygg. Denne får 10 % avskriving, medan tilsvarande investeringar har blitt avskrive med 2 % før.


Fiskarane får auka frådrag


Fiskarfrådraget aukar frå 115.000 til kr 150.000 årleg, noko som er ein auke på heile 30 %. Sjømannsfrådraget står imidlertid uendra på 80.000.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon