Andre skatte- og avgiftsendringar



  • Frådraget for gåver til frivillige organisasjonar blir utvida til å gjelde heile EØS-området (3 millionar skatteminke). Mindre trus- og livssynssamfunn utan nasjonalt omfang blir fjerna frå ordninga.
  • Eigedomsskattelova blir endra slik at næringseigedom kan skattleggast utan å måtte skrive ut eigedomsskatt for alle eigedomar. Dette vil gjelde bl.a. hotell, butikkar og kontor i tillegg til det som i dag går under omgrepet «verk og bruk» (uklar provenyverknad).
  • Det blir innført meirverdiavgift på elektroniske tenester frå utlandet til norske forbrukarar (75 millionar avgiftsauke).
  • Tidlegare varsla forslag om mva på omvisingstenester (gaiding mv) er lagt bort.
  • Snusavgifta aukar med ti prosent, andre tobakksvarer og alkoholavgifta aukar med fem prosent (630 millionar avgiftsauke).
  • Bilar med låge CO2-utslepp blir rimelegare (0 i samla avgiftsendring).
  • Grunnavgifta på mineralolje aukar (130 millionar i avgiftsauke)
  • Reduserte avgifter frå Finanstilsynet, Kystverket og Mattilsynet (36 millionar avgiftsminke)
  • Næringslivet si skattlegging er uendra, med unntak av grunnrenteskatten (kraftverk) og innstramming i fritaksmetoden vedr gevinst på sal av andel i burettslag/bustadaksjeselskap. Det blir varsla ei brei evaluering av skattereforma, som blir lagt fram for Stortinget seinare.
  • Det vil kome forslag om presiseringar og oppdateringar i reglane for Skattefunn.
  • Skatte- og avgiftssatsar er i hovudsak uendra utover normal prisauke.
  • Oppsummert gjev den samla skatte- og avgiftsendringa i 2011 ein reduksjon på 162 millionar.

 Klikk på lenkjer ovanfor for å lese meir om endringane.

Klikk her for utskriftsvennleg versjon