Dersom utvalet får gjennomslag for forslaga sine, så vil Sverige i 2010/2011 følgje etter både Storbritannia, Tyskland og Nederland som allereie har slike grenser.


Utvalsleiar Bo Svensson la vekt på at formålet var å frigjere næringslivet for kostnader. 310.000 aksjeselskap i Sverige kan velje å seie opp revisor, og dette vil medføre at desse selskapa får 5,8 milliardar SEK i innsparing. Dette er ei reell innsparing som kan brukast til det selskapa meiner sjølv er best. I nokre tilfelle kan det vere å oppretthalde revisjonen på frivillig basis.


Utvalet har spesielt lagt vekt på tre forhold:



  1. Ikkje belaste næringslivet unødig  
  2. Ikkje ha særsvenske reglar  
  3. Utnytte EU sine unntak fullt ut.

Skatteetaten og kontrollverket for øvrig har uttalt seg skeptisk til forslaget, men utvalet meiner at kontrollverket rår over mange nye dataverktøy slik at dei kan kontrollere meir effektivt no enn tidlegare. Dessutan hevda Svensson at revisor ikkje er eit avgjerande instrument i kampen mot økonomiske brotsverk.


 (NARF)

Klikk her for utskriftsvennleg versjon