Du er her : Nyheiter / Utleige av fast eigedom: Næring eller kapitalinntekt?
Utleige av fast eigedom: Næring eller kapitalinntekt?
Av Geir Høydalsvik
[Sist endra: 7. desember 2005]
I kva grad det er næringsverksemd i seg sjølv å leige ut bygningar og bustader, må vurderast konkret. Forhold som må takast omsyn til er:
Kor stort bygget er. Normalt er det næringsverksemd å leige ut til forretningsformål (meir enn 500 kvm) eller til bustadformål (fem leilegheiter eller meir)
Det må drivast ein aktivitet av ei viss varigheit og omfang.
Aktiviteten må vere egna til å gi overskot, og aktiviteten må drivast for eigaren si eiga rekning og risiko.