Tryggleik og personvern


Takk for at du ser innom! Vi set stor pris på besøket og at du viser interesse for tenestene våre. Rekneskap Høydalsvik AS ønsker at du skal føle deg trygg når du besøker sidene våre, og vil forsikre deg om at personleg informasjon blir behandla på ein sikker måte av oss som behandlingsansvarleg.

Personvernerklæring
Vi har forplikta oss til å ta vare på personvernet ditt. Du kan gå til nesten alle nettsidene våre utan å gje oss noko informasjon om deg sjølv. Men nokre gongar trenger vi informasjon for å gje deg tenester som du ber om, og denne erklæringa om vern av personlege opplysningar gjev opplysningar om innsamling av data og bruk av data i slike situasjonar.

Kryptert kommunikasjon
All informasjon du sender til oss over internettet blir kryptert når det blir sendt, og dekryptert på vår nettstad. Ingen uvedkommande kan derfor gjere seg nytte av den informasjonen som blir sendt.

Innsamling av personlege opplysningar
Vi samlar også inn enkelte opplysningar om maskinvare og programvare. Til dømes: IP-adresse, type nettlesar, operativsystem, domenenamn, tilgangstid og adresse til webområde. Denne informasjonen blir brukt til å drive nettsida, oppretthalde kvaliteten på nettsida og gje generell statistikk for bruken av nettsidene.

Underleverandørar
Underleverandørane våre av maskinvare eller programvare har ikkje tilgang til personlege opplysningar frå kundane våre, med mindre dette blir gjort tilgjengeleg av kunden sjølv via andre kanalar enn Rekneskap Høydalsvik. Rekneskap Høydalsvik nyttar ikkje underleverandørar eller gjev personar som ikkje er tilsett hos oss tilgang til support, drift eller utvikling.

Cookies
Vi bruker cookies berre for å forbetre brukaropplevinga og sørge for at dei vala du har teke blir hugsa. Desse blir sletta ved neste oppstart av nettlesaren. I tillegg blir det lasta cookies frå Google analytics som vi nyttar til å analysere bruksmønster av nettstaden. Personlege opplysningar eller annan informasjon blir ikkje lagra frå nettsida vår.

Bruk av personlege opplysningar
Vi bruker dei personlege opplysningane til følgjande formål:

  • For å sikre at nettstaden dekkjer behova dine.
  • For å levere tenester, som nyheitsbrev og annan informasjon som du ber om eller kjøper.
  • For å hjelpe oss med å lage og publisere innhald som er relevant for deg.
  • For å varsle deg om nye tenester, spesialtilbod og oppdatert informasjon frå oss, dersom du ber om det.

Kontroll av personlege opplysningar
Når du registrerer deg, eller på annan måte gjev oss personlege opplysningar, vil ikkje Rekneskap Høydalsvik AS dele denne informasjonen med tredjepartar utan ditt løyve. Informasjonen vil berre bli brukt til formåla nemnt ovanfor. Dersom du registrerer deg, fortel du oss også korleis og om du vil at vi skal kommunisere med deg.

Ønsker du å endre eller slette personleg informasjon om deg sjølv, kan du når som helst gjere dette ved å ta kontakt med oss.