vil du jobbe saman med oss 705x397


Rekneskap Høydalsvik AS

– ei rekneskapsbedrift med kunden i sentrum

Vil du vere med på laget?


OM OSS

Rekneskap Høydalsvik leverer meir enn den tradisjonelle
rekneskapen. Vi ønskjer å vere ein aktiv rådgjevar for kundane våre som skaper vekst,
stabil drift og auka likviditet.

 

Hos oss er vi opptatt av å levere tenester av høg kvalitet,
og med oss på laget skal kundane våre oppleve ei rekneskapsbedrift som både bryr
seg og tilbyr gode tekniske løysingar.

 

Rekneskap Høydalsvik er ei rekneskapsbedrift i Ørsta med ti
tilsette og med kundar i eit breitt spekter av næringar.

 

Ønskjer du å vere ein del av ei rekneskapsbedrift som set
kunden i sentrum?
Då vil vi ha deg med på laget vårt.


Rekneskap Høydalsvik søkjer

BEDRIFTSRÅDGJEVAR
i 100 %
stilling


OM STILLINGA

Stillinga sine primære arbeidsoppgåver vil vere å etablere
nye kundeforhold og følgje opp desse, samt vere rådgjevar for eksisterande
kundar med fokus på vekst og gode løysingar.

 

KVALIFIKASJONAR

  • Økonomibakgrunn
  • Erfaring med kunde-/bedriftsrådgjeving
  • Høgare utdanning er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for dette
  • Oppdatert på IT-verktøy, marknadsføring og digitale trendar

DU…

  • er kundeorientert og med gode kommunikasjonsevner
  • likar oppsøkande verksemd og å vere på farta 
  • kjem fram til gode, effektive og tilpassa løysingar i samarbeid med kundane
  • likar å tileigne deg ny kunnskap, og ser på endring som ei spennande utfordring
  • er oppteken av lagarbeid med fokus på å gjere kvarandre gode
  • er ein triveleg kollega som ønskjer å bidra til det gode arbeidsmiljøet vårt

 

SPØRSMÅL KAN RETTAST TIL:
Magnus Eriksen, Not yet AS, 466 42 854, magnus.eriksen@not-yet.no


Send søknad og CV innan 10. juni 2018
til magnus.eriksen@not-yet.no

Attestar og vitnemål tek du med til intervju.

 

Link: Annonse Møre-Nytt og Møre 26.05.2018

lonnsavd-Margrete-Martin-PerInge-rekne_support_2015_02_705px.